KITSCHFRUE

Foto: Bork S. Nerdrum

Turid Spildo fra Granvin i Hardanger en av de sterkeste, vakreste og klokeste kvinnene jeg kjenner. Når hun spiller hardingfele og kveder kommer huldra frem mellom trærne, og nøkken stikker hodet opp av tjernet for å lytte. Bestefaren lærte henne å spille fele, og fela lærte henne å synge, sier hun. Hun er folkemusiker og klassisk maler. Hun og familien hennes har denne usedvanlige kombinasjonen av å leve i en annen tid samtidig som de er moderne mennesker. Hun skyr intervjuer, så jeg setter pris på at hun ville dele noen av sine tanker og bilder med mine lesere.

Camilla: Hva er kitchwife sitt syn på vår tids skjønnhetsidealer, fotballfruer og lignende?

Turid: Eg kallar meg Kitschwife / Kitschfrue. Fordi eg er gift med Odd Nerdrum og blir ofte omtalt som kona til osv. Så i stadenfor å protestera å seia; Nei eg er meg sjølv, eg har eit eige liv …osv, så lar eg meg inspirera av fotballfruene. Det blir jo litt det same Odd gjorde i si tid. Han fekk kritikker fordi han malte bilder som skulle hengja på ein vegg. “Det er jo så konvensjonelt …”  så då tok han skjellsordet Kitsch opp frå myra og satte lys på det.

Myndin ved havet malt av Turid Spildo. Foto: Bork S. Nerdrum

Myndin ved havet. Malt av Turid Spildo. Foto: Bork S. Nerdrum

Om skjønnhetsidealer. Det var også hardt i min ungdom å vera ung. Det er den andre fødselen ein skal gjennom (sitat Odd Nerdrum). Nokre døyr av det. Det som opprører meg, er skremming og hardhet som kjem frå høgste hald. Kvar dag er ein skremsels propaganda dag. Dette går særleg ut over unge mennesker. Eg kjenner ein som køyrde på sin eigen son. Sonen døydde. Dette var på 90-talet. Dette var djupt tragisk for han særleg, og for mor til barnet, og for heile familien. I dag ville denne mannen blitt fengsla, etter fleire opprivande rettsaker. På den tid forsto folk at tragedien var stor nok som den var.

Fra Frankriket. Malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Fra Frankriket. Malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Samfunnet er blitt hardt. Denne skremmingen er ikkje bra for unge jenter og unge gutar, og heller ikkje oss andre. Eg skjermer meg sjølv ved å unngå nyheter; radio og TV og aviser.

Turid Spildo. Foto: Knut Utler

Turid Spildo. Foto: Knut Utler

Camilla: Hvordan påvirker din bakgrunn som folkemusiker maleriene dine?

Turid: Eg malar eit sjølvportrett med fela. På sommaren. Då står eg ute på tunet, det må vera fint vær og ikkje for mykje vind. Så har eg eit glas vin ståande, som eg nippar til mens eg malar. Spegelen er med og fela er med. Bildet er under arbeid og til sommaren blir det tredje sommaren eg arbeider på det. Somme bilder tek lang tid. Eg brukar min fortid i bildene. Minnebilder kan vera eit samlebegrep på bildene. Son min nemnde at horisonten alltid er høg, langt langt oppe på bildet. Dette antakeleg fordi mine minner er frå Hardanger, der det er høge fjell og ein bitteliten himmel midt oppi der, om ein ser rett opp. Eg malar mykje utebilder. Eg er svært glad i å vera ute.

Syngende. malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Syngende. malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Eg har latt meg inspirera av ein folketone som heiter “Tora Liti” og malt fleire bilder frå det. Tora Liti vart lokka av ein fugl. Fuglen var sent frå Gud. Fuglen seier: “Kor ville du heller i himmelen vera, hell her ned på jordi gullkruna å bera”. Dette betyr at Gud gjerne vil ha Tora Liti i himmelen. I kristendommen heiter det jo at “Gud tar de beste”. Gud lokkar her om at Tora Liti vil få det bra i himmelen, på jorda må ho slita med den tunge gullkruna ( betyr: å bli gift ). Så om Tora Liti gifter seg med Jesus i staden og får koma til himmelen, så blir det mykje lettare for ho. Dette peikar jo litt tilbake til det eg snakka om skremming i vår tid og den andre fødselen ( ungdom ).

Bråtebrann. Malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Bråtebrann. Malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Camilla: Hvilke temaer opptar deg i bildene dine?

Turid:  Eg er oppteken av uttrykket. Særlig ansiktsuttrykk. Uttrykk er nesten alt. Så kjem komposisjon, men det er også uttrykk. Utan ein god komposisjon er ikkje uttrykket godt nok. Fargar er ikkje noko eg bryr meg veldig om, samstundes er det viktig for uttrykket ..

To geiter. Malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Camilla: Hvordan er dine rutiner i atelieret?

Turid: Eg likar å gjera mange forskjellige ting og er gjerne i hagen å arbeider lika mykje som eg malar. I hagen tenkjer eg mykje, gjerne på det eg arbeider med på atelieet. Eg malar i perioder. Har modeller av og til. Det er krevande. Å mala landskap eller stilleben er ein slags kvile.

Turid Spildo. Foto: Trine Mikkelsen

Turid Spildo. Foto: Trine Mikkelsen

Camilla: Du har bodd mange steder i Europa. Hvordan velger du en ny by å flytte til?

Turid: Odd ville heile tida flytta til utlandet men eg var tvilande. Etter 9 år i Oslo ( 9 år for meg ), flytta me til Island. Eg var skeptisk og redd. Men det viste seg å vera svært positivt, ikkje minst for sjølvfølelsen. Så etter nokre år vart det Frankriket. Paris var alltid ein draum. Det var på mange måtar fantastisk men eg vart ferdig med Paris og Frankriket etter å ha budd der og kjent på det. Veldig ferdig.

 Så vart det Berlin og sidan Stockholm. No er det blitt ein nødvendighet å ha ein stad i eit eller anna utland. Det vart Stockholm no, av di det er ein stor by, ein kulturby, samstundes er språket forståeleg. Våre døtre på 17 år har begge valgt å gå på skule i Sverige, den eine går på teaterlinja på gymnasiet og den andre på IB Diploma, internasjonalt gymnasium.

Paris. Malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Paris. Malt av Turid Spildo. Foto: Øde S. Nerdrum

Camilla: Hva slags musikk og litteratur inspirerer deg?

Turid: Eg høyrer skjeldan på musikk , har behov for stillhet. Jau forresten, eg høyrer på klassisk radio når eg lagar mat. Eg les bøker når eg er på reis. Sist las eg “dagbøker” av Eugene Delacroix. Den boka fekk meg til å tenkja på at eg kanskje skal skriva dagbok sjølv.

Camilla: Er det noen samtidskunstnere du finner interessante?

Turid: Eg fylgjer ikkje med i samtidskunst. Eg lever i mi eiga boble.

Turid Spildo. Foto: Bork S. Nerdrum

Turid Spildo. Foto: Bork S. Nerdrum

Camilla: Du kjenner mange unge mennesker som har kommet til dere for å studere ved Nerdrumskolen, og har selv 4 svært talentfulle barn. Hva er det beste rådet du kan gi unge som vil arbeide med klassisk kunst og musikk?

Turid: Om du vil bli Kitschmaler; ta eit eller fleire kurs hjå Jan Ove Tuv, og søk deretter plass på Nerdrumskolen.

Du kan følge Turid Spildo på instagram @kitschwife, og turidspildo.com.

Odd Nerdrum er på instagram @nerdrumforever og facebook.

Coverfoto: Kitschwitch skiing av Bork S. Nerdrum

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *